Folkeaksjon for E-16 i Voss

Folkeaksjonen ny E-16 frå Lundarosen til Sogn grense i Voss kommune, hadde bedt inn politikarar, både stortings- og lokalpolitikarar, sentrale interesseorganisasjonar, media og lokalbefolkning til markering ved Sundve skule. I spissen stod aksjonsleiarane Arne Gilborken og Britt Ragnhild Gjerald.

Frå stamvegutvalet stilte leiar Vidar Eltun, nestleiar Eirik Haga og ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim. I tillegg var sjølvsagt Voss sin ordførar Hans-Erik Ringkjøb på plass. Alle held appellar og innlegg under den noko kalde markeringa ved Sundve. Men trass i 20 minusgrader var det ca. 350 som møtte fram for å støtte aksjonen. Mange av dei som uttala seg fremheva kor viktig stamvegen E-16 mellom Bergen og Oslo er, og at Filefjell er den sikraste fjellovergangen. E-16 held dessverre ikkje stamvegstandard på store deler av strekninga, mellom anna den stekninga det var fokus på fredag kveld; Lundarosen-Oppheim. Både leiar og nestleiar i Stamvegutvalet fekk sitje på eit stort køyretøy for å få sett seg inn i dei utfordringane som yrkessjåførar og andre har langs denne strekninga.

Voss.jpgVed Vinjadalen orienterte Britt Ragnhild Gjerald om alle dei ulukkene som har vore dei siste åra og trafikken på strekninga er stor og aukande. Foto: Vidar Eltun

» Flere saker