Lærdalstunnelen blir kveld- og nattestengt

30adf 94a -06d 3-41e 2-b 317-77cbb 62f 82fb -w _960Statens vegvesen meiner det er betre med kvelds- og nattestenging enn å stenge Lærdalstunnelen heilt. (Foto: SIlje Drevdal/Statens vegvesen) 

Vegvesenet har fått grønt lys frå Samferdselsdepartementet for planane om å oppgradere den lengste vegtunnelen i verda. Vegvesenet planlegg å starte anlegget i 2025, og skal etter planen vera ferdig i løpet av fire til fem år.

Vegvesenet har køyrt ein grundig prosess i arbeidet med å utarbeide ein plan for korleis ein skal gjennomføre tunneloppgraderinga. Det er arrangert to folkemøte med godt besøk. Vegvesenet har hatt eigne møte med kommunane Lærdal og Aurland, og dessutan Sogn Regionråd. Det er òg gjennomført møte med Helse Førde, Politiet, Lærdal næringsskipnad, Aurland næringsråd, Statnett og Sognekraft. Vegvesenet har motteke 26 skriftlege innspel til utgreiinga om trafikkavvikling.

 Får konsekvensar

- Det er ikkje mogleg å oppgradere tunnelen utan at det får konsekvensar for omverda. Me har kome fram til at det er betre med kvelds- og nattestenging enn å stenge tunnelen heilt, seier leiar for tunneloppgradering i vest i Statens vegvesen, Stig Berg-Thomassen.

 Arbeidet med tunnelen blir delt i to. Med kvelds- og nattestenging vil det ta to til tre år å ferdigstille sprengingsarbeida i tunnelen. Det er eit til to år lengre enn om tunnelen vert stengt døgnet rundt. Når tunnelen er stengt er det ikkje mogleg å sleppa gjennom utrykkingskøyretøy.

 - Fjellet i tunnelen vil vera krevjande for tunnelarbeidarane. Derfor kan me ikkje sleppa gjennom trafikk før me har sprengt og sikra fjellet, seier Berg-Thomassen.

- Må vera trygt

Etter at arbeidet med sprenging og sikring av tunnelen er ferdig, startar arbeidet med tekniske installasjonar i tunnelen. Dette arbeidet vil ta om lag tre år. Då planlegg Vegvesenet å sleppa gjennom trafikk to tiltre gonger i løpet av kvelden og natta.

- Då vil det òg vera trygt å senda gjennom utrykkingskøyretøy, seier Berg-Thomassen.

Han beklagar ulempene arbeidet vil føra til for trafikantane. Han er særleg oppteken av at ein del barn og unge vil få redusert fritidstilbodet i åra tunnelarbeidet varer. Næringslivet vil òg få utfordringar.

Forsterka båttrafikk

Det er aktuelt å forsterka ferjetilbodet på strekninga rv. 13 Vangsnes-Hella, og setja opp persontransport med båt mellom Lærdal og Aurland når det er behov for det.

 -  Dette gjer me for å bøta på ulempene, seier Berg-Thomassen.

» Flere saker