Vestland fylke vil prioritere E16

I -arbeid -webill -2

Det vart fleirtal til forslaget frå samarbeidspartia om å prioritere tryggleik på E16 mellom Arna og Voss framfor å bygge ut Hordfast, da dei 17 representantane i fylkesutvalet for Vestland røysta over prioriteringane til Nasjonal Transportplan på eit møte torsdag.

Dette melder mellom anna Hordaland Folkeblad

- Vi er tydelege på at vegen og bana mellom Bergen og Voss er hovudprioritet. Vi held fast på ein ambisjon om mest mogleg ferjefri E39, men løftar ikkje det fram som hovudprioritet. Prosjekt som gjeld liv og helse kjem først, sa Alexander Øren Heen (Sp) da han presenterte ei felles fråsegn frå samarbeidspartia (Sp, MDG, KrF, Ap, SV og V) på møtet.

Les meir og sjå innlegg frå nettmøtet på Vestland fylkeskommunes eigne nettsider

Høyringsfråsegna blir endeleg avgjort i fylkestinget 12. mai.

» Flere saker