Den nordlege delen av strekninga E16
Åsbrekkegjelet-Skromle bru, er ferdig utbetra. Vegen blei offisielt
opna 20. oktober av avdelingsdirektør Svenn Finden i Statens
vegvesen. Til venstre byggeleiar Vegard Klette i Statens vegvewen,
til høgre anleggsleiar Steinar Rostad i hovudentreprenør Dokka
Entreprenør. (Foto: Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen)
- Det er ein stor dag å kunna klippa snora for dette prosjektet som inneheld både breiare og sikrare veg, betra skred-og flaumsikring og eit sideterreng som skal bidra betre i nullvisjonen for drepne og hardt skadde i trafikken, seier avdelingsdirektør Svenn Finden i Statens vegvesen om den tre kilometer lange strekninga nord i Voss herad.
Les artikkelen på Statens vegvesens nettsider
Kvarmakløvet ligg omtrent midt på strekninga, og har vore det mest krevjane partiet for trafikantane.
Den
nordlege delen av strekninga E16 Åsbrekkegjelet-Skromle bru, ferdig
utbetra.(Foto: Rasmus Søgnen, Statens vegvesen)
Den tre kilometer lange vegetappen som no er opna ferdig utbetra, har tidlegare framstått som ein av dei dårlegaste mellom Bergen og Oslo.
Vegen hadde i dette området tidlegare ikkje gul midtstripe, og den hadde smale og grunne grøfter som gav utfordringar vinterstid med snø, høge brøytekantar og ved isnedfall. Dei nye grøftene er breiare og har betre dreneringstilhøve enn tidlegare, slik at utfordringane med is, snø og sørpeskred skal verta mindre enn før.
Les meir og sjå fleire bilder på Statens vegvesens nettsider