Rådgivarkontrakten er signert

Img _6510-v 493ec7

Fellesprosjektet Arna-Stanghelle (FAS) markerte 12. mars rådgivarkontrakten som ble signert med Norconsult og Aas-Jakobsen sist veke. Frå venstre: Kjell Inge Davik, utbyggingsdirektør i Statens vegvesen, Eirik Harding Hansen, prosjektdirektør i Bane NOR, Katrine Sælensminde Erstad, prosjektsjef i FAS, Torbjørn Søderholm, fungerande assisterande prosjektsjef i FAS, Bård Sverre Hernes, konserndirektør for Hovedkontor Norge i Norconsult og Trond Hagen, administrerende direktør i Aas-Jakobsen. Foto: Karoline Rage

Norconsult og Aas-Jakobsen leverte tilbodet med best forhold mellom pris og kvalitet, og vart i februar tildelt kontrakten som har ein verdi på inntil 2,2 milliardar kronar. Konrakten, som er utforma som ei rammeavtale med varigheit på inntil åtte år, vart signert forrige veke. Norconsult og Aas-Jakobsen skal utarbeide designbasis, konkurransegrunnlag for hovudentreprisane, og bistå  med oppfølging i byggefasen. Den første hovudentreprisen på tunnelane for veg og bane skal etter planen vere klar til utlysing i 2028, og starta opp i 2029.

Store forventningar til rådgivar

Då kontrakten vart lyst ut våren 2025 kom den ut med store forventningar til marknaden. Fellesprosjektet ynskte å utfordre bransjen innan klima, miljø og berekraft for å utvikle dei beste løysingane for prosjektet.

Rådgivar-duoen er glade for å ha landa kontrakten og «let seg ikkje skremme» av forventningane til to av landets største byggherrar i det som blir noregshistorias hittil største tunnelprosjekt

- Vi set stor pris på tilliten og ser fram til å bidra med framtidsretta og berekraftige løysingar i tett samarbeid med prosjektet, seier Bård Sverre Hernes, konserndirektør for Hovedkontor Norge i Norconsult.

Saman med prosjektet  skal dei utvikle og utfordre bransjen med ny teknologi, spesielt innan berekraft, klima og miljø. Løysningane skal ivareta både vegvesenet og Bane NOR sine tekniske krav - ei utfordring rådgivarane gler seg til å ta fatt på. Norconsult og Aas-Jacobsen har erfaring med planlegging, prosjektering og bygging av store tverrfaglige infrastruktur-oppdrag.

Skal levere framtidsretta løysingar

Prosjektdirektøren i Bane NOR og utbyggingsdirektøren i Statens vegvesen er glade for at kontrakten er signert og at Norconsult og Aas-Jacobsen er motiverte og gira på å kome i gang med arbeidet.

- Dette er ein stor dag for Fellesprosjektet Arna-Stanghelle, der Statens vegvesen og Bane NOR saman skal realisere eit av dei mest omfattande infrastrukturprosjekta i landet. Med Norconsult og Aas-Jakobsen på laget får vi samla kompetanse frå fleire fagmiljø, noko som er avgjerande for å levere framtidsretta løysingar, seier prosjektdirektør i Bane NOR, Eirik Harding Hansen. 

Les heile saken på statens vegvesen sine nettsider

» Flere saker