Statens vegvesen ber trafikkantar planlegge godt

E 16-lardal -bergen --austTil hausten må folk beregne god tid på E16 Bergen-Lærdal og tilknytta strekningar. 12-timars stengingar i Lærdalstunnelen på natt startar i september. (Illustrasjon: Statens vegvesen)

Mykje skjer samtidig på den vestlege delen av E16 frå hausten av. Statens vegvesen oppfordrar allereie no om å planlegge reiser og følge trafikkinformasjon nøye.

Dette er det dei skriv om dei ulike anleggsarbeida på sine nettsider:

E16 mellom Bergen og Lærdal er prega av rasutsette strekningar og eldre standard. Verdas lengste vegtunnel, Lærdalstunnelen, er over 25 år og no skal den bli oppgradert for å møte dagens krav for trafikktryggleik.

Mellom Arna og Stanghelle skal Statens vegvesen og Bane NOR bygge ny veg og bane i tunnel, og dette verkar òg inn på dagens E16. På riksveg 5, 7 og 52 skal Statens vegvesen utbetre vegen på fleire stadar.  I sum vil arbeida gi periodar med lysregulering, kolonnekøyring, omkøyringar, stengde vegar og lengre reisetid.   

- Vi har forståing for at dette skaper utfordringar for både privatbilistar og transportnæringa. Nettopp difor går vi ut med  informasjon allereie  no slik at trafikantane kan førebu seg på ein ny reisekvardag til hausten, seier Stig Magnus Berg-Thomassen, prosjektsjef i  Statens vegvesen.

Dette skjer på E16 Bergen - Lærdal  

  • Oppgradering av Lærdalstunnelen startar etter planen i september 2026, og tunnelen vil dei neste to åra vere stengd for trafikk mellom kl.18:00 og 06:00.  
  • Som del av arbeida med ny E16 og Bergensbanen skal Statens vegvesen og Bane NOR utføre arbeid ved Romslo, Trengereid, Langhelleneset, Gamle Fossen og Dalehagen. Anleggsarbeida vil medføre behov for stenging av E16 i inntil 30 minutt  og  redusert framkome.  
  • Vegvesenet utbetrar vegen mellom Åsbrekkegjelet og Skromle bru aust for Voss. Anleggsarbeida skal vere ferdige i løpet av hausten 2026.  
  • Vegvesenet skal også oppretthalde rutinemessig vedlikehald. Arbeida er kortvarige og blir utført på nattetid, men kan medføre midlertidige omkøyringar eller kolonne.  

Åtvarar mot lange omvegar  

I tillegg til å planlegge reisa ved å sjekke trafikkinformasjon rår Statens vegvesen alle til å køyre på dagtid om ein kan.  

- Kjem du fram til Lærdalstunnelen etter kl.18:00, må du rekne med fleire timars omveg. Nokre av dei alternative rutene har varierande standard og avgrensa kapasitet, særleg på vinterstid, åtvarar prosjektsjefen.  

På fleire av vegane som kan fungere som alternative reiseruter arbeider Statens vegvesen for tida med ulike utbetringstiltak. Desse arbeida skal etter planen vere ferdige før arbeidet med Lærdalstunnelen startar opp. Endeleg dato for oppstart i Lærdalstunnelen er enno ikkje avklara.  

- Den eksakte datoen veit vi først nærare sommaren når vi har signert kontrakt med entreprenør. Men vi lovar å informere trafikantane så snart datoen er klar, seier Berg-Thomassen.  

» Flere saker